Lizz Wright
amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lizz Wright (fødd 22. januar 1980) er ein amerikansk songar av jazz og gospel.
Wright vart fødd i Hahira i Georgia i USA. Ho voks opp som prestedotter, og kom tidleg i kontakt med gospelmusikk. Då ho var 14 år hadde ho lært seg å spela piano, og byrja å spela i kyrkja til faren. I 1996 vann ho National Choral Award for innsatsen sin i kormusikk på Houston County High School.
Ho studerte song ved Georgia State University i Atlanta, og byrja hovudsakleg å synga jazz.[1] Seinare har ho studer ved The New School i New York[2] og i Vancouver i Canada.
Wright blei med i vokalkvartetten In the Spirit frå Atlanta i 2000. I 2002 skreiv ho kontrakt med Verve Records. Det første albumet hennar Salt kom ut i 2003.[3] Det inneheldt coverlåtar og fem sjølvskrivne songar. Stilen og karrieren hennar har leia til samanlikningar med Norah Jones.[1]
I 2006 vitja Wright Nasjonal jazzscene på Cosmopolite, Bergen jazzforum, Vossajazz og Kongsberg Jazzfestival.
Remove ads
Diskografi
- Salt (2003)
- Dreaming Wide Awake (Verve Forecast, 2005)
- The Orchard (Verve Forecast, 2008)
- Fellowship (Verve Forecast, 2010)
- Freedom & Surrender (Concord, 2015)
- Grace (Concord 2017)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads