Ljubov Popova
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ljubov Sergejevna Popova[1] (6. mai 1889–25. mai 1924), var ein russisk kunstmålar. Ho høyrde til mellom dei russiske avantgardistane. Stilartane kubofuturisme og konstruktivisme gjennomsyrar hovudverka hennar.


Remove ads
Liv og gjerning
Popova vart fødd i landsbyen Ivanskoje ved Moskva. Etter å ha studert ulike typar kunst i fleire år, slutta ho seg i Moskva til Vladimir Tatlin og arbeidde saman med han. Hennar verk frå denne tida er prega av kubofuturisme. Saman med Nadesjda Udaltsova la ho i året 1912 ut på ei studiereise til Paris. I Paris arbeidde ho vidare saman med Henri Le Fauconnier, Jean Metzinger og André Segonzac på 'Académie la Palette' i bydelen Montparnasse. 1913 vende Popova heim til Russland, før ho i 1914 reiste til Frankrike og Italia, der ho kom i nærare kontakt med futurismen.
Popova var medlem av gruppa Karo-Bube (Бубновый валет) som stilte ut verk i 1914 i Moskva. Ho deltok også i utstillinga 0,10 i Petrograd to år seinare. Denne siste utstillinga markerte gjennombrotet for non-figurativ kunst i Russland. Popovas verk frå denne tida er inspirert av suprematismen.
Frå 1918 arbeidde Popova som kunstprofessor. Ho tok i 1921 del i ei utstilling av konstruktivist-arbeid. Same året fjerna ho seg frå målarkunsten, arbeidde i staden med bok-, porselen- og tekstildesign og ymse anna.
Popova døydde i 1924 i Moskva av skarlaksfeber, 35 år gammal. Ei minneutstilling med hennar arbeid vart oppsett i desember same året.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Lyubov Popova» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads