Ljudmila Koltsjanova
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ljudmila Sergejevna Koltsjanova (fødd 1. oktober 1979) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sjarja som internasjonalt tevla i lengdehopp. Ho vart europameister i øvinga i 2006 og tok VM-sølv året etter.
Remove ads
Aktiv
Koltsjanova satsa mest på tresteghopp i yngre år. Ho sette personleg rekord i øvinga med 13,88 i 2004-sesongen, same året som ho klarde 6,54 m i lengdehopp. Året etter nådde ho 6,79 i lengdegropa, og etter den tid satsa ho på lengde. Midt i juli 2006 forbetra ho den personlege rekorden til 7,11 m i Tula, og ein månad seinare vann ho EM-gull i Göteborg med eit bestehopp på 6,93 m.
Under optimale vindtilhøve gjorde Koltsjanova den 27. mai 2007 i [][Sotsji]] sitt livs lengste lengdehopp, eit hopp som målte 7,21 m. Ho fekk sølvmedaljen i Osaka-VM tre månader seinare, elleve centimeter lagkameraten Tatjana Lebedeva. Også i 2008 og 2010 landa Koltsjanova bortom sjumeterstreken på sitt beste, men ho makta ikkje vinne fleire internasjonale medaljar.
Ho la opp etter 2013-sesongen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje – 6,93 m, framom Naide Gomes (6,84 m)
- VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje – 6,92 m, bakom Tatjana Lebedeva (7,03 m)
- EM 2010 i Barcelona: Nr 5 – 6,75 m
- OL 2012 i London: Nr 6 – 6,76 m
- VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (nr 14 – 6,53 m)
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads