Loa

From Wikipedia, the free encyclopedia

Loa
Remove ads

Loa er ei elv i Chile som med ei lengd på 443 km er den lengste i landet. Ho ligg i regionen Antofagasta.

Kjappe fakta Land ...

Elva har utspring i Andes, nord for fjellet Cerro Blanco (4 277 m). Derfrå renn ho sørover over Chiu Chiu, før ho dreier vestover og gjennom byen Calama. Når ho nærmar seg María Elena dreiar ho nordover på nytt, og følgjer Panamericana i rundt 80 km før ho svingar vestover ved Quillagua. Ho renn ut i Stillehavet like nord for Mina Fakir.

Río Loa er den einaste elva i Atacamaørkenen som ikkje tørker fullstendig ut.

Remove ads

Historie

Folk har budd ved breidda av elva i uminneleg tid. Det finst spor etter busetnaden deira i talrike geoglyfar, petroglyfar og piktogram langs løpet. Pukará de Lasana, Lasana-festningen, frå 1100-talet er eit anna spor etter busetnad langs elva.

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads