Loch Ard
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Loch Ard (skotsk-gælisk Loch na h-Àirde) er ein innsjø i Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark i Stirling i Skottland.
Innsjøen er om lag 4 km lang og 2 km brei og går hovudsakleg frå aust til vest gjennom ein skjerma dal. Han vert rekna som kjelda til River Forth og ligg nedanfor Loch Chon. Den største øya i innsjøen heiter Eilean Gorm (Bluey /Green Island).
Det ligg ein segle- og roklubb ved innsjøen. Landsbyane Kinlochard og Milton ligg ved breidda. Landsbyen Aberfoyle ligg 3 km aust for innsjøen, medan fjellet Ben Lomond ligg i vest.
Loch Ard er omgjeve av familievenleg sykkelstiar.
Namnet på innsjøen kjem frå àrd, det skotsk-gæliske ordet for 'høg'. Klipperen «Loch Ard» frå 1800-talet vart kalla opp etter innsjøen. Det forliste i Australia ved det som sidan den gong heiter Loch Ard Gorge.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Loch Ard» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2010.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads