Lokk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lokk er ein del av den vokale folkemusikken i Noreg, og er ein blanding av song og rop. Lokken har som funksjon å oppnå kontakt med husdyra over store avstandar, og lokke dei heim til seters eller gards etter ein dag på beite. Lokkane gjekk gjerne i arv frå mor til dotter og har hatt ein funksjon så lenge det har vore beitebruk i Noreg.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå lok.
Ein hadde kulokk, sauelokk og geitelokk for dei ulike husdyra. Kulokkane var dei mest forseggjorte, og kunne bli lange og melodiøse strofar. Det finst også tradisjon for såkalla huldrelokkar. Desse lokkane er melodiske songar som skal ha vore sunge av ei hulder. Desse har gjerne ein fast tekst, ofte ei rekke fantasifulle namn på dyra til huldra. Slike huldrelokkar er gjerne knytte til segner.
Lokkar bygger gjerne på kvart- og kvintsprang, men kan også bruke dei større toneintervalla septimar og nonar.
Remove ads
Sjå og
Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Lokk» frå Wikipedia på bokmål, den 9. november 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads