Lomvislekta

fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Lomvislekta
Remove ads

Lomvislekta (Uria) er ei biologisk slekt med to nolevande sjøfuglartar i alkefamilien. Dette er mellomstore fuglar med hovudsakleg kvit og mørk brun til svart fjørdrakt. Dei hekkar på kysten av det nordlege Atlanterhavet og Stillehavet. Dette er dei alkefuglane som kan dukke djupast for å finne føde, ned til 180 meter for arten lomvi.

Kjappe fakta

Slekta Uria vart introdusert av den franske zoologen Mathurin Jacques Brisson i 1760. Slektsnamnet er frå antikkgresk ouria, ein vassfugl nemnt av Athenaios.[1] Det norske namnet lomvi er omdanna frå norrønt 'langvé'.[2]

Remove ads

Skildring

Begge lomviartane har kroppslengd på ca. 38-43 centimeter og masse på rundt eit kilogram. Vaksne fuglar har mørk brun til svart overside og nebb, og kvit underside. Nebbet er lang og spist. Halen er relativt kort og avrunda, i flukt stikk føtene bak halen. I vinterdrakta blir kinn og strupeområdet kvitt. Beina sit bak på kroppen, begge artane er tilpassa livet på sjøen, lomviane kjem berre på land i hekketida. Disse fuglane hekkar i tette, store koloniar i fjellskrenter nær sjøen, og legg eit enkelt langstrekt konisk egg direkte på fjellhyller. Dei trekker sørover og ut frå land om vinteren for å beite i isfritt farvatn. Flyginga er kraftfull og direkte, og desse artane har raske vengeslag med dei korte vengene sine.

Dei to artane kan skiljast mellom anna på nebbet og på fjørdrakta i brystområdet. Polarlomviar har grovare nebb enn lomviar med ei kvit stripe langs nebbvika. I sommardrakta går skiljet mellom kvit underside og mørk overside i ein spiss opp i brystet hos polarlomvi, hos lomviar er skiljet bueforma.

Dei dukkar etter føde frå overflata, sym under vatn og er blant fuglane som er i stand til å dukke djupast. Dei beitar på hovudsakleg på småfisk og krepsdyr. Til dømes har undersøkingar synt at krill og lodde var hovudføda for polarlomviar ved Bjørnøya.[3] Lengd på kvart dukk varierer med djupna, typisk rundt eit minutt, men begge artar har registrert dukk på over tre minutt.

Lomviar produserer ei rekke harde lydytringar i hekkekoloniane, men er elles stille på sjøen.

Remove ads

Artslista

Dei to artane i lomvislekta har dels overlappande utbreiing, men nordgrensa for hekking og beiting blant polarlomviar er meir nordleg enn hos lomviar.

  • Polarlomvi, Uria lomvia, Thick-billed Murre, (Linnaeus, 1758), (LC)
Hekkar i arktiske område, i Europa så langt sør som på Island, i Amerika sør til Newfoundland
  • Lomvi, Uria aalge, Common Murre, (Pontoppidan, 1763), (LC)
Hekkar langs kystar ved Atlanterhavet og Stillehavet, så langt sør som Japan, California og Portugal.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads