London Boys av T. Rex
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«London Boys» er ein song av det engelske glamrockbandet T. Rex. Han kom ut på singel i 1976 på selskapet T. Rex Wax Co. Songen kom ikkje ut på noko album, men var opphavleg meint som ein del av den skrinlagde rockeoperaen til Bolan, The London Opera og Billy Super Duper.
Songen er, som alle T. Rex-songar, skriven av Marc Bolan.[1]
«London Boys» kom ut på singel 21. februar 1976 med B-sida «Solid Baby», henta frå det sjette T. Rex-albumet Bolan's Zip Gun (1975).
Songen låg tre veker inne på singellista i Storbritannia og nådde 40. plassen.[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads