London Eye

From Wikipedia, the free encyclopedia

London Eye
Remove ads

London Eye er eit stort pariserhjul som ligg like ved Themsen i London i England. Det var det største pariserhjulet i verda då det blei reist, med ei høgd på 135 meter. Til liks med andre slike store pariserhjul, er det laga for at passasjerane skal få eit panoramautsyn over byen. På ein klar solskinsdag er det mogleg å sjå 40 kilometer i alle retningar.

Kjappe fakta Arkitekt, Opna ...

London Eye var laga for tusenårsskiftet 1999–2000, og opna i 1999. Pariserhjulet blei ein så stor turistattraksjon at det vart det ståande etter tusenårsskiftet. Det har 3,5 millionar vitjande kvart år.

Hjulet går vanlegvis kontinuerleg i låg fart, og passasjerane må gå om bord i gondolane medan hjulet går. Ein heil runde tar 30 minutt.

Thumb
Gondol på London Eye. Gondolane er opphengt i lagrar, slik at dei vender seg for alltid å ha vassrett golv. Kvar gondol veg 10 tonn (11 short tons) og har plass til 25 passasjerar.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: London Eye


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads