London Metropolitan University

From Wikipedia, the free encyclopedia

London Metropolitan University
Remove ads

London Metropolitan University (forkorta LMU eller London Met) er eit universitet i London. Det vart oppretta i august 2002 som ei samanslåing av London Guildhall University og University of North London. Det har ein campus i City of London, ved Moorgate, Tower Hill og Aldgate, og ein i Islington.

Kjappe fakta Grunnlagt, Type ...

Studia er i stor grad profesjonsretta, med særleg vekt på naturvitskap og teknologi.

Universitetet driv arkivet, biblioteket og museet The Women's Library, som omfattar Fawcett Societys arkiv og anna material knytte til historia til feminismen. Det har òg to andre særsamlinger, Trade Union Congress Library og Irish Studies Collection.

Remove ads

Rangeringar

London Metropolitan University vart rangert som nummer 126 av 126 britiske universitet på Complete University Guide si liste for 2016[1] og som nummer 118 av 119 britiske universitet på The Guardian si 2016-liste.[2]

I QS World University Rankings for 2014[3] var universitetet rangert på plass 701 av universiteta i verda.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads