Lonely This Christmas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Lonely This Christmas» er ein julesong av det engelske glamrockbandet Mud, som toppa UK Singles Chart i 1974,[1] selde over 750 000 eksemplar og låg på toppen av den britiske singellista i juleveka.
Songen vart skriven og produsert av Nicky Chinn og Mike Chapman og vart den andre songen som Mud klarte å få på toppen av den britiske singellista. Han låg fire veker på toppen i desember 1974 og januar 1975.[1][2] Det var den tredje førsteplassen det året for Chapman og Chinn som låtskrivarar og produsentar, og vart framført i liknande stil som ein av dei meir langsame Elvis Presley-songane.
Mud framførte songen på Top of the Pops der gitaristen Rob Davis var dekt i glitter og hadde julekuler som øyredobbar, medan vokalisten Les Gray song til ei buktalardokke.
Remove ads
Salslister
Vekeslister
Årslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads