Looking Forward

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Looking Forward er det tredje studioalbumet til kvartetten Crosby, Stills, Nash & Young. Det kom ut på Reprise Records i 1999 og nådde 26. plassen på Billboard 200 med eit totalt salstal på nær 400 000 eksemplar.[4]

Meir informasjon Crosby, Stills, Nash & Young-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn og innspeling

Crosby, Stills & Nash turnerte mykje gjennom 1990-åra, nesten like mange konsertar som i både 70- og 80-åra kombinert.[5][6] Etter det førre albumet deira, gav verken Stephen Stills eller Graham Nash ut soloalbum, men David Crosby hadde oppdaga den vaksne sonen sin, James Raymond, og dei to starta eit band i lag med Jeff Pevar, og i lag spelte dei inn albumet CPR i 1998. Forholdet mellom bandet og Atlantic Records hadde surna, særleg etter at Atlantic ikkje var interesserte i å marknadsføre After the Storm, etter at gruppa hadde skaffa selskapet millionar i inntekter i 1970-åra.[7] Dei enda kontrakten med Atlantic i 1997, og byrja å spele inn eit nytt CSN-album av eigne midlar og utan platekontrakt.[8][9] Neil Young arbeidde med Stills for å setje saman ein plateboks med Buffalo Springfield, og vart interessert i desse CSN-innspelingane.[10] Young spelte på somme spor og tok med seg tre songar han hadde planlagt for sine eigne album, «Looking Forward», «Slowpoke» og «Out of Control.»[11] Høvet for eit nytt CSNY-album fanga merksemda til selskapet til Young, Reprise Records, som gav ut albumet då det var ferdig.

«Faith in Me» og «No Tears Left» vart spelte inn i Ga Ga's Room i Los Angeles tidleg i innspelingsprosessen. «Stand and Be Counted», «Seen Enough», «Dream for Him» og «Sanibel» vart spelte inn i Conway Recording Studios i Hollywood. «Heartland» vart spelt inn i Ocean Studios i Burbank i California. Resten av albumet vart spelt inn i studioet til Young, Redwood Digital, i Woodside i California.

Remove ads

Mottaking

Looking Forward har selt kring 370 000 eksemplar i USA.[12] Det fekk middels kritikk då det kom ut. I 2000 la CSNY ut på CSNY2K-turneen for å marknadsføre albumet. Det var den første turneen til kvartetten sidan 1974.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Andre medverkande

  • Joe Vitaletrommer alle spor utanom «Looking Forward», «Slowpoke» og «Out of Control»; Hammond B-3, batas på «Faith In Me»
  • Michael Finnigan — Hammond B-3 på «Stand and Be Counted», «Heartland», «No Tears Left» og «Queen of Them All»
  • Spooner Oldhamklaverinstrument på «Slowpoke» og «Queen of Them All»; pump organ på «Looking Forward»
  • Ben Keithpedalsteelgitar på «Looking Forward», «Slowpoke» og «Out of Control»; Dobro på «Looking Forward»
  • Denny Sarokin, Snuffy Garrett — gitar på «Sanibel»
  • James Raymond — piano på «Heartland» og «Dream for Him»
  • Craig Doerge — klaverinstrument på «Sanibel»
  • Donald «Duck» Dunn — bass på «Looking Forward», «Stand and Be Counted», «Seen Enough», «Slowpoke», «Out of Control», «Someday Soon» og «Queen of Them All»
  • Gerald Johnson — bass på «Heartland»
  • James «Hutch» Hutchinson — bass på «Dream for Him»
  • Bob Glaub — bass på «Sanibel»
  • Jim Keltner — trommer på «Looking Forward», «Slowpoke» og «Out of Control»
  • Luis Contecongatrommer, jombe basstromme, batas på «Faith in Me»; perkusjon på «Dream for Him»
  • Alex Acuñatimbales på «Faith in Me»
  • Joe Lala — congatrommer på «Faith in Me»
  • Lenny Castro — perkusjon på «Heartland»
  • Vince Charles — perkusjon på «Sanibel»

Produksjon

  • Crosby, Stills, Nash & Youngprodusentar
  • Ben Keith — medprodusent på «Looking Forward», «Slowpoke» og «Out of Control»
  • Joe Vitale — medprodusent på «Faith in Me» og «No Tears Left»
  • Stanley Johnston, Joe Vitale — medprodusentar på «Sanibel»
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads