Lotetunnelen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lotetunnelen er ein 2857 meter lang tunnel på Europaveg 39 i Stad kommune i Vestland. Tunnelen går mellom Nordfjordeid og Svoradalen vest for Lote. Arbeidet med tunnelen begynte i 1959, gjennomslaget kom i 1965, og tunnelen blei opna for trafikk i 1966. Lotetunnelen blei offisielt opna i 1968.
Det er krappe svingar i begge endane av tunnelen, og særleg inngangen til tunnelen på Lote-sida blir rekna som eit farleg punkt. Dessutan er tunnelen låg, fire meter, og området ved opninga på Lote-sida er rasfarleg.
Som i mange andre tunnelar i Noreg vert bilistane i Lotetunnelen noko plaga med kondens. Kondensen kan føre til farlege situasjonar fordi bilrutene plutseleg doggar når ein køyrer inn i tunnelen.[2]
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads