Lough Key

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lough Keymap
Remove ads

Lough Key er ein innsjø (på engelsk lough) i County Roscommon i Republikken Irland. Han ligg nordaust for byen Boyle. Ein meiner at namnet på innsjøen kjem frå Ce', ein mytologisk druide, som i følgje segna drukna då innsjøen vart danna.

Kjappe fakta Fylke, Innsjøtype ...

Innsjøen er fleire kilometer på tvers og nesten sirkulær. Ho inneheld over tretti skogkledde øyar, inkludert Castle Island, Stag Island, Bullock Island og Drummand Island. Castle Island inneheld ei borg kalla Macdermott's Castle (tidlegare McGreevys Castle) etter ein av dei viktigaste familiane i distriktet i tidlegare tider.

Like sør for innsjøen ligg Lough Key Forest Park, ein populær stad for turgåarar. Parken dekkjer eit areal på 3,2 km².

Innsjøen er ein del av det nordlege tilsigsområdet til elva Shannon og vatnet renn ut gjennom ei kort sideelv som renn ut i Shannon ved Lough Drumharlow, 13 km mot aust.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Thumb
Lough Key


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads