Louis Blériot

From Wikipedia, the free encyclopedia

Louis Blériot
Remove ads

Louis Blériot (18721936) var ein fransk flygar og flyinstruktør. I 1909 vart han den første som flaug over Den engelske kanalen.

Kjappe fakta
Thumb
Louis Blériot i sjølvbygd fly.

Det første flyet hans, Canard, vart bygd i 1907. Blériot utvikla styreorgana om lag slik som dei er i dag, med stikke for høgderor, og balanseror og pedalar for sideror. 25. juli 1909 vart han vidkjend for å ha gjennomført den første flyginga over Den engelske kanalen, frå Baraques til Dover.

Blériot er tuftaren av flyfabrikken Blériot Aéronautique, som var ein av dei største som fanst i Frankrike i mellomkrigstida. Det var denne flyfabrikken som bygde flyet som Tryggve Gran tok i bruk under Nordsjøflyginga si i juli 1914.

Remove ads

Kjelder

  • Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Bind. 2. Ben-Ch. Oslo: Kunnskapsforlaget. 1978-1984. ISBN 82-573-0013-6
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads