Love in Store
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Love in Store» er ein song av den britisk-amerikanske rockegruppa Fleetwood Mac. Songen er opningssporet på albumet Mirage frå 1982. «Love in Store» vart skriven av Christine McVie og Jim Recor, og vart den tredje singelen frå albumet i USA. Singelen kom ut i november 1982 og nådde 22. plassen på singellista i USA. Christine McVie syng solovokal på songen med harmonivokal av Stevie Nicks og korvokal av Lindsay Buckingham.[1]
I Storbritannia vart ein annan song frå Mirage, «Oh Diane», gjeven ut som den tredje singelen i staden for og vart ein hit der. «Love In Store» vart ikkje gjeven ut som singel i Storbriannia, men han kom ut i somme andre europeiske land.
Songen er med på den amerikanske versjonen frå 2002 og den britiske versjonen frå 2009 av The Very Best of Fleetwood Mac.
Remove ads
Medverkande
- Mick Fleetwood - trommer, tamburin, güiro
- John McVie - bassgitar
- Christine McVie - elektrisk piano, orgel, synthesizer, solovokal, korvokal
- Lindsey Buckingham - elektrisk gitar, akustisk gitar, korvokal
- Stevie Nicks - korvokal
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads