Lowestoft
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lowestoft er ein by i Suffolk i Aust-England med omtrent 71 000 innbyggjarar. Han er den austlegaste busetnaden i Storbritannia, og ligg 38 mile (61 km) nordaust for Ipswich og 22 mile (35 km) søraust for Norwich.
Byen ligg på austsida av nasjonalparken The Broads ved breidda som blir kalla Oulton Broads og grensar til Nordsjøen. Han ligg rett ved det austlegaste punktet på Dei britiske øyane, Ness Point.
Remove ads
Historie
Nokre av dei eldste spora etter menneske i Storbritannia er funne her. Flintverktøy funne i Pakefield-klippene sør for Lowestoft i 2005 gjer at ein kan spora menneskeleg busetnad her 700 000 år tilbake.[2]
Staden var folkesett i yngre steinalder, bronsealderen og jernalderen, og i romersk og angelsaksisk tid. Det er gjort fleire funn ved ein saksisk gravlund i Bloodmoor Hill sør for Lowestoft.[3][4] Stadnamnet er avleidd frå eit norrønt personnamn, Hlothver, og toft, norrønt for gard.[5] Historiske stavemåtar er Lothnwistoft, Lothuwistoft, Lestoffe, Laistoe, Loystoft og Laystoft.
Domesday Book frå 1086 oppgjev Lothuwistoft som ein landsby med 16 hushald, tre familiar, ti småbrukarar og tre slavar.[6][7] I mellomalderen blei Lowestoft ein viktig fiskeby som kunne tevla med naboen sin i nord, Great Yarmouth.[8][9]
I den fyrste engelske borgarkrigen var Lowestoft knytt til rojalistane, som støtta kong Karl I av England, delvis på grunn av den økonomiske rivaliseringa med Great Yarmouth, som støtta parlamentet.[10] I 1643 blei Lowestoft teken av av rojalistar, som så blei overvunne og fanga av Eastern Association-troppar leidde av Oliver Cromwell.[11] Dette var det einaste slaget i Suffolk under borgarkrigen. Sjøslaget ved Lowestoft i juni 1665 var det fyrste slaget i Den andre engelsk-nederlandske krigen War. Slaget fann stad 40 mile (64 km) utanfor kysten, og enda med siger for engelskmennene.[12]
Foto: Christine Matthews
|
Samuel Morton Peto bygde ut jernbanen til byen på 1800-talet, noko som førte til ei kraftig utvikling av økonomien.[9] Peto fekk i oppdrag å byggja ei linje for Lowestoft Railway and Harbour Company som band byen saman med Reedham og Norwich.[13] Jernbanen gjorde at ein kunne selja fisk til marknader i innlandet, og andre industriar som ingeniørfag utvikla seg gjennom auka handel med Kontinentet.[13] Jernbanen gav også turistar lett tilgang til Lowestoft, som utvikla seg til ein blømande badeby.[9][13]
Remove ads
Økonomi
Tradisjonelle industriar
Fiske, særleg etter sild, var den viktigaste næringa for Lowestoft frå mellomalderen til midten av 1960-åra.[9]
Lowestoft Porcelain Factory, som eksisterte frå 1757 til 1802, produserte krukker, tekanner og krus i mjukt porselen.[8] Fabrikken blei reist på staden til ei tidlegare keramikk- eller mursteinomn, og blei seinare nytta til brygging og malting. Dei fleste attverande bygningane blei rivne i 1955.

Lowestoft er ein tradisjonell badeby som fyrst blei utvikla til dette føremålet på 1760-talet.[8] Kysten er blitt kalla «Sunrise Coast». Hovudstrenden i byen ligg sør for hamn, der det finst to pirar, Claremont Pier og South Pier, og East Point Pavilion.[8][14] Stranda sør for Claremont Pier har blått flagg.[15] Turisme er framleis ei viktig næring i byen.[16]
Moderne økonomi

Større lokale verksemder er mellom anna frosenmatfabrikken Birds Eye, med 700 tilsette.[17][18][19] Verksemda har halde til i byen i over 60 år.[20] Matindustriverkemda Wessex Foods stengde fabrikken sin i Lowestoft i 2010 etter at han blei øydelagd av brann, og verksemda ikkje fann ein ny tilhaldsstad.[21]
Frå midten av 1960-talet til seint 1990-tal gav petroleumsindustrien sysselsetting i området.[22] I mange år hadde Shell Southern Operations base på nordsida av Lowestoft Harbour, og var den største arbeidsgjevaren i byen.[22] Shell-basen blei avgjort stengd i 2003.[23] Olje og gass er likevel framleis ei viktig næring.[24][25][26]
Byen har lagt ned ein innsats i å utvikla seg som senter for forybar energi i Aust-England.[16][27] Ikkje-for-profitt-senteret Orbis Energy er blitt skipa for å trekka verksemder innan grøn energi til området, og har ein bygning med passiv solvarme.[28][29][30][31] I april 2009 kunngjorde Associated British Ports at hamna skulle bli operasjonssenter for Greater Gabbard wind farm, som etter planen skulle bli verdas største havvindkraftverk på 500 MW. Andre fornybare energiprosjekt er ein prototype for ein tidvasskraft-generator laga av det lokale føretaket 4NRG[32] og bølgjekraftsystem utvikla av Trident Energy.[33]
Remove ads
Kultur
Lowestoft har éin venskapsby, med byen Plaisir i Frankrike, og var òg ven med byen Katwijk i Nederland fram til 1990-talet.
Dei to rockegruppene The Darkness og Stone Gods kjem herifrå.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

