Lozère
franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lozère (oksitansk Losera) er eit departementet søraust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Languedoc-Roussillon nær Massif Central.
Remove ads
Historie
Ardèche er ein av 83 opphavlege departement som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna av den tidlegare franske provinsen Languedoc.
Beistet i Gévaudan var eit udyr som terroriserte området i den tidlegare provinsen Gévaudan, som i dag ligg i Lozère i Margeridefjella, omkring 1764-1767.
Osten i Lozère vart hylla i Plinus den eldre sin Naturalis Historia.
Geografi
Lozère er ein del av regionen Languedoc-Roussillon og er omringa av departementa Cantal, Haute-Loire, Ardèche, Gard og Aveyron.
Økonomi
Hovudnæringane i departementet er jordbruk og turisme. Departementet har den lågaste arbeidsløysa i Frankrike.
Demografi
Innbyggjarane i departementet vert kalla lozériens, og Lozère er det departementet i Frankrike med lågast innbyggjartal, omkring 75 000.
Den låge folketettleiken (14 innbyggjarar/km²) kjem av dårleg jordsmonn i regionen og fråflyttinga frå distrikta til byane, særleg i perioden 1850-1910.
I seinare år har folketalet i departementet auka litt, sidan ein meiner ein har god livskvalitet her. Folkesetnaden er derimot eldre her enn gjennomsnittet for heile nasjonen.
Remove ads
Turisme
Av turistaktivitetar finn ein holeutforsking, og forskjellige typar sport som skigåing eller kajakkroing. Lozère inneheld ein del av nasjonalparken Parc National des Cévennes. Lozère vert rekna som eit av dei beste områda i Frankrike for aurefiske, særleg i elvar som Lot, Tarn og Truyère.
Bakgrunnsstoff

- Prefekturet si nettside
- Offisiell nettside Arkivert 2005-01-19 ved Wayback Machine.
- Offisiell turistside
- Lozère på netrando.com
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads