Lucy Ayoub
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lucy Ayoub (fødd 21. juni 1992) er ein israelsk TV-programleiar, skribent og radiovert. Ayoub var ein av programleiarane i Eurovision Song Contest 2019 saman med Assi Azar, Erez Tal og Bar Refaeli.[1]
Remove ads
Bakgrunn
Ayoub vart fødd i Haifa i Israel. Faren er arabisk-kristen, medan mora er ein askenasisk jøde som seinare konverterte til kristendomen.[2][3]
Ayoub tenestegjorde to år i det israelske forsvaret som flysimulator-instruktør i luftforsvaret.[4] Frå 2016 studerte ho filosofi, økonomi og politikk ved Universitetet i Tel Aviv.
Karriere
I 2016 vart Ayoub kjend i Israel då ho las fleire av dikta sine i ei israelsk slampoesi-tevling. Same året byrja ho å jobba for Israel Broadcasting Authority (IBA) og skreiv manus og laga videoar. I 2017 vart Ayoub programleiar for eit vekentleg kulturprogram på israelsk radio og ho vart samstundes programleiar for kulturprogrammet Culture Club på tv-kanalen Kanal 11.
Ayoub las opp dei israelske jurypoenga i Eurovision Song Contest 2018, noko som fekk mediemerksemd etter at den israelske kulturministeren Miri Regev kritiserte ho for å snakka arabisk under sendinga og utan å nemna Jerusalem.[5][6]
Under Eurovision Song Contest 2019 var Ayoub programleiar i green room saman med Assi Azar, medan Erez Tal og Bar Refaeli var hovudprogramleiarar.[7][8]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads