Ludvig Daae

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Ludvig Daae
Remove ads

Ludvig Daae (24. april 18291. mai 1893) var ein norsk embetsmann, stortingsrepresentant og statsråd.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Daae var son av kaptein Ludvig Daae (1792–1879), som kjøpte Solnør i Skodje. Han var barnebarn av presten Johan Christopher Haar Daae (1759-1827).[1][2] Han var søskenbarn av Henrik Ibsen si kone Suzannah Ibsen.[3] Henrik Ibsen vitja Daae etter det korte opphaldet på Hellesylt sommaren 1862.[4] Daae kan forvekslast med slektningane sine Ludvig Kristensen Daa og Ludvig Daae (1834–1910). På grunn av dei mange «Ludvig Daae» på den tida gjekk han under tilnamnet «Medalje-Daae».[5]

Remove ads

Familie og utdanning

Daae var gift med Anna Christine Schavland (1836–1904), dotter av presten Aage Schavland og søster av litteraturhistorikar Olaf Skavlan og presten Sigvald Skavlan.[5]

Han var fødd og oppvaksen på proprietærgarden Solnør i Skodje. Fram til han var 11 år, fekk han undervisning heime, mellom andre av Ivar Aasen. 184045 gjekk han på Molde Midelskole, vart student med laud i 1846 og juridisk kandidat med laud i juli 1850. I 1852 vann han kronprinsen sin gullmedalje for svaret på universitetet si prisoppgåve i historie om «Aarsagerne til og Følgerne af de indvortes Krige i Norge i det 12te og 13de Aarhundrede». 1854 oppheldt han seg i lengre tid i København, der han dreiv undersøkingar i Gehejmearkivet. Herfrå leverte han mellom anna avskrifter til Diplomatarium Norvegicum og vann 1855 ein ny gullmedalje, denne gong for svaret på den juridiske prisoppgåva «Om Bevismidlerne i Misgjernigssager efter Magnus Lagabøters og Christian den 4des Love».

Remove ads

Karriere

I 1856 tok han autorisasjon som overrettssakførar og busette seg på farsgarden. 4. oktober 1869 vart han utnemnd til fut i Sunnmøre fogderi, og 13. september 1876 til sorenskrivar i Nordre Sunnmøre.

Straks etter Daae flytta til Solnør, vart han 1856 ordførar i Skodje formannskap og såleis medlem av Romsdals amtsformannskap, der han i fleire år arbeidde som formann i vegkomiteen og som medlem av fleire spesialkomitear. Dessutan var han i lengre tid overformyndar og forlikskommissær i heimbygda.

Alt i 1857 vart Ludvig Daae valmann. Han møtte som 4. representant for Romsdals amt på Stortinget 18591861 (medlem av justiskomiteen nr. 2), og møtte seinare som ein av representantane for amtet på samtlege storting frå 1862 til 1879, då han sa frå seg gjenval. På stortinga 18621866 var han sekretær i kyrkjekomiteen, 186874 medlem av konstitusjonskomiteen (formann frå 1871), og 187579 formann i militærkomiteen. Dessutan var han medlem i valkomiteen frå 1865 og av fullmaktskomiteen frå 1871, og medlem av fleire spesial-komitear, namnleg stemmerettskomiteen 186869, jarnbanekomiteen same år, skattekomiteen, med fleire. I 1871 vart han flytta over i Lagtinget, der han var president i dei komande åra.

Daae var medlem av militærkommisjonen av 1870. Han var formann i amtsmatrikuleringskommisjonane for både Søndre Bergenhus amt 1871 og for Stavanger amt 1872.

regjeringa Sverdrup vart danna 26. juni 1884, vart Daae utnemnd til sjef for Armedepartementet. Denne stillinga forlet han 30. april 1885. Han busette seg då atter på Solnør. Etter grunnlovsvedtak av 1. juli 1884 vart han deretter kåra til representant på Stortinget 188688 for Ålesund og Molde. I 1889 vart han tilsett som tollkasserar i Kristiansand, og døydde der i byen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads