Lunde i Telemark

tettstad i Nome From Wikipedia, the free encyclopedia

Lunde i Telemark
Remove ads

Lunde er ei bygd og ein tettstad i Nome kommune i Telemark. Her ligg Lunde kyrkje.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Bjervamoen tettstad

Thumb
Lunde jernbanestasjon

Tettstaden i Lunde blei som oftast kalla Bjervamoen. Han har 1 566 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg 11 km vest for kommunesenteret Ulefoss og 16 km sør for . Staden har vakse fram som stasjonsby ved Sørlandsbanen, der jarnbanestrekninga (Oslo-)Nordagutu-Lunde opna i 1925, mens strekninga fram til Kristiansand blei ferdig først i 1938.

Folketalsutvikling

Meir informasjon Folketalsutvikling i Bjervamoen ...
Remove ads

Lunde sokn

Lunde sokn høyrde til Bø prestegjeld fram till 1867, då dei to sokna Lunde og Ytre Flåbygd blei utskilde og danna Lunde prestegjeld. I 2002 blei Lunde og Ytre Flåbygd slegne saman til eitt sokn, Lunde og Flåbygd sokn, som i 2013 hadde omtrent 2 875 inbyggjarar, 315 av dei i gamle Flåbygd.

Lunde kommune

Samstundes som Lunde prestegjeld blei utskilt frå Bø prestegjeld blei det også oppretta som Lunde kommune (2 257 innbyggjarar) etter å ha høyrt til Bø kommune. Lunde kommune (då med 3 080 innbyggjarar) og storparten av Holla kommune blei slegne saman i 1964, då Nome kommune blei skipa.

Næringsliv

Lundeheringane lever mest av av småindustri og offentleg tenesteyting, og i tillegg er det mange som pendlar ut av bygda. Landbruket har minka i omfang i høve til andre næringar.

I Lunde blei Trollbilen produsert ei kort tid på 1950-talet.

Språk

Målet i Lunde har høyrt til austtelemåla, med tjukk L av både historisk L (kLam i handa) og gamalnorsk (nypløgd joLe). Det er det sørlegaste av desse måla, med typiske pronomenformer som me, konn og dekkan, men samstundes med innslag av vikværske trekk som t.d. uomlydt langform av sterkt presens (kommer, graver) og ein del monoftongering (hørt, kjørt). Språket til dei seinare par generasjonane har utvikla seg i retning av grenlandsmål. Eitt døme på dette er at den historiske kløyvde infinitiven (å lesa / å skrive) har ein tendens til å bli skifta ut med e-infinitiv i dei historiske jamvekts- og overvektsorda.

I 1908 blei nynorsk innført som målform i nokre skulekrinsar i Lunde, og før 1920 hadde omtrent 90% av skulebarna i kommunen nynorsk som skulemål. Frå 1960-talet minka talet på nynorskelevar stort. Den siste nynorskskulen var på Svenseid, og den blei lagt ned i 2009.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads