Lundy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lundymap
Remove ads

Lundy er den største øya i Bristolkanalen, 19 km utanfor kysten av Devon i England, om lag ein tredjedel over kanalen mellom England og Wales. Ho er 5 km lang og 1 km brei. Lundy har gjeve namn til eit havvarslingsområde i Storbritannia og høyrer til England.

Kjappe fakta Land, Areal ...

I 2007 var det 28 fastbuande på øya. Mellom desse finn ein oppsynsmann, ein øybestyrar, bønder og personale på ein pub. Dei fleste bur i og rundt landsbyen Marisco sør på øya. Dei fleste vitjande kjem her på dagsturar.

I ei lesarundersøking i Radio Times i 2005 vart Lundy kåra til det 10. største naturlege underverket i Storbritannia. Heile øya har status som Site of Special Scientific Interest[1] (stad av særskild vitskapleg interesse) og var det første marine naturreservatet i England, og den første marine vernesona.[2] Dette kjem av det unike dyre- og plantelivet på øya. Øya vert styrt av Landmark Trust på vegner av National Trust.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads