Lussand

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Lussand er ein matrikkelgard (gardnummer 132) i Granvin herad.[1] Lussand er ytste garden i Granvin og grensar til Kjepso i Kvam herad i vest, til Beggevik i aust, og i fjellet grensar garden til Voss.[2]

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Fram til 1964 høyrde Lussand til Kinsarvik herad.[2] Då vart den delen av Kinsarvik herad og sokn som låg på vestsida av Hardangerfjorden (LussandKvanndal) overført til Granvin. I Kinsarvik hadde Lussand gardnummer 117.[2]

Fylkesveg 7 går over garden, og like austom innmarka og tuna ligg Lussandberget, der vegen er svingete og ekstra smal med steile berget på eine sida og lukt i fjorden på hi. Vegstrekka er rasutsett, og det skal byggjast tunell der.[3][4] Dagens vegstrekke er del av Nasjonale turistveger, og det er i den samanheng bygd rasteplass/utsiktspunkt like vestom busetnaden på Lussand.[5][6]

På oppsida av vegen mellom Kjepso og Lussand ligg eit skogområde på Uranes som er verna som naturreservat.[7] Uranes naturreservat er oppretta for å verne eit større edellauvskogsområde med stor økologisk variasjon.[8]

Remove ads

Namnet

Fyrstelekken av namnet er ikkje sikkert tolka.[2][9]

Gardsnamnet vert også brukt som etternamn. I 2013 var det 44 personar i Noreg som hadde Lussand til etternamn.[10] Ein kjend namneberar er politikaren Magnar Lussand, som var fylkesordførar i Hordaland frå 1991 til 1999.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads