Lutz Dombrowski
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lutz Dombrowski (fødd 25. juni 1959) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Zwickau. Han vart olympisk meister i lengdehopp i 1980 og europameister i same øvinga i 1982. Dombrowski har i 2014 den tyske rekorden i lengdehopp, 8,54 m, vinnarhoppet i Moskva-OL.
Remove ads
Dombrowski vann i 1979 lengdetevlinga i Europacupen for landslag. I 1980 sikra han seg gullmedaljen under OL 1980 i Moskva med eit hopp på 8,54 m, ny europarekord og årsbeste i verda i 1980. To år seinare vart han europameister i Aten, med god margin til andremann.
Dombrowski vart austtysk meister i lengdehopp i 1979 og 1984.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Lutz Dombrowski» frå Wikipedia på tysk, den 16. august 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads