Lydredigeringsprogram
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eit lydredigeringsprogram er eit dataprogram for å redigere/manipulere digital lyd. I slike program kan ein m.a. redusere støy, klippe, kopiere, spleise og mikse lydar saman, i tillegg til at ein ofte kan konvertere lydfiler frå ein filtype til ein annan.

Ein skil gjerne mellom lydeditorar og digitale audioarbeidsstasjonar. Den fyrste gruppa vert gjerne nytta for å ta opp, analysera, redigera og spela av digitalt audiomatriale. I samband med fleirsporsinnspeling vert dei ofte nytta for å redigera einskilde spor, fjerna støy, og liknande. Digitale audioarbeidsstasjonar kan handsama mange spor samstundes og vert nytta for miksing av multimikrofonopptak og/eller syntisert musikk. Dei har eit rikt utval av redigeringsfunksjonar og moglegheit til utvidingar i form av ulike plugin. Dei vert òg nytta for ferdigstilling etter miksing.
Remove ads
Nokre lydredigeringsprogram
| Program | Operativsystem | Lisens: |
| Adobe Audition | Windows | Kommersiell |
| Ardour | Unix/Linux, OS X | Open kjeldekode |
| Audacity | Unix/Linux, OS X, Windows | Open kjeldekode (GPL) |
| Glame | Unix/Linux (Gnome), OS X, Windows | Open kjeldekode (GPL) |
| GNUsound | Unix/Linux (Gnome) | Open kjeldekode (GPL) |
| GoldWave | Windows | Kommersielt |
| Kwave | Unix/Linux (KDE) | Open kjeldekode (GPL) |
| mhWaveEdit | Unix/Linux | Open kjeldekode (GPL) |
| ReZound | Unix/Linux | Open kjeldekode (GPL) |
| Steinberg Cubase | OS X, Windows | Kommersiell |
| Sweep | Unix/Linux/BSD | Open kjeldekode (GPL) |
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
