Lyonel Feininger

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lyonel Feininger
Remove ads

Lyonel Feininger (17. juli 187113. januar 1956) var ein tysk-amerikansk målar og grafikar, som var både fødd og døydde i New York i USA.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og gjerning

Thumb
Der Dom in Halle, 1931
Thumb
Die Blauen Vier, med Galka Scheyer til venstre

Foreldra til Feininger hadde innvandra frå Tyskland til New York. Dei mange inntrykka i storbyen formidla Feininger biletleg; både av musikk, tog, båtar, bruer, skyskraparar og framstillinga av leiketøy. Han reiste til Berlin, der han studerte musikk. Etter ei tid byrja han å teikne for moroblad, fyrst for tyske, seinare også for franske og amerikanske tidsskrift.

I Paris kom Feininger i kontakt med Robert Delaunay og han vart kjend med kubistane sine verk. Frå 1913 budde han fast i Tyskland. Han hadde eit nært tilhøve til medlemane i Der Blaue Reiter. Seinare underviste han ved Bauhaus i Weimar og i Dessau. Saman med Vasilij Kandinskij, Paul Klee og Aleksej von Jawlensky danna han i 1924 gruppa Die Blaue Vier.

Feininger var ein av dei målarane som Hitler-regimet fann å vere degenerert, og dermed måtte sjå dei utstilt på Entartete Kunst i 1937, ei utstilling til skrekk og åtvaring. Feininger vende då tilbake til USA. Gjennom arbeidet som kunstlærar, sin forfattarskap og nye akvarellar spela han ei viktig rolle for framveksten av den abstrakte ekspresjonismen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads