Mália
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mália (gresk Μάλια) er ein kystby og ein tidlegare kommune i det nordaustlege hjørnet av periferieininga Iráklio på Kreta i Hellas. Etter kommunereforma i 2011 inngår Mália som ei kommunaleining i kommunen Khersónisos.[2] Byen ligg 34 kilometer aust for Iráklio, som er hovudstaden på Kreta. Kommunaleininga inkluderer òg landsbyane Mokhós, Krási og Stalída, og har eit totalt areal på 60,72 kvadratkilometer. Byen er ein turistattraksjon, fyrst og fremst for sitt betydelege arkeologiske område og uteliv. Ruinane av ein minoisk by ligg tre kilometer aust for landsbyen Mália og dekkjer eit areal på om lag éin kvadratkilometer. Det opphavlege namnet på byen er ikkje kjend.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Mália 5 501 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 3 322 innbyggjarar.[1]
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Malia, Crete frå Engelsk Wikipedia .
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads