Målselv Mållag

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Målselv mållag er eit mållag i Målselv i Troms og Finnmark. Laget er med i Noregs Mållag og Troms og Finnmark mållag.

Styre og medlemmar

Målselv mållag blei stifta 18. desember 1947.[1][2]

Leiarar i Målselv mållag har vore:

  • 1947-1976: Johan Nymo[1]
  • 1977-1978: Terje Dahl[3][4]
  • 1979-1982: manglar namn
  • 1983: Eirik Myre[5][6]
  • 1984-1985: Kurt Reinhardt[7]
  • 1986: Eirik Myre[8]
  • 1987: Øyvind Tollefsen[9]
  • 1988: Grete Lien Stenvold[10]
  • 1989-1990: Jorun Bøygard Tangen[11][12]
  • 1991-1995: Berta Nordang Nymo[13][14]
  • 1996-1998: Jorun Bøygard Tangen[15][16][17]
  • 1999-2003: Janne Wahlquist[18][19]
  • 2004-2015: Bodil Vinjevoll[20]
  • 2016: Kjell-Magne Lundskar[21]
  • 2017-d.d.: Nina Fjeldet[22]

Laget hadde i 2023 34 medlemmar.[23] Leiar i 2023 er Nina Fjeldet.[24]

Remove ads

Lagsarbeid

Ved 30 års-jubileet i 1977 kunne laget oppsummere at det hadde vore med på å avvikle 27 spelmannsstemner og 10 bygdekunstutstillingar.[1] Det første spelmannsstemnet blei halde i 1949, og i oktober 1970 blei spelmenn frå Nordkalotten invitert, og dermed var det første Kalottspelet på plass. Det første Kalottspelet var eit samarbeid mellom Målselv Mållag og Målselv Spelmannslag.

Målselv Mållag har heilt sia 1963 gitt ut årboka Jul i Bardu og Målselvdalen saman med Bardu Mållag.

I 1979 gav Målselv Mållag ut «Sildrebekken», dikt av Arne Lyngås (44 sider).[25]

I 1997 gav Målselv Mållag ut heftet Dialekter i Målselv og Bardu, skrive av Brit Mæhlum.[26] I samband med dette heftet gav mållaget i 1998 ut ein CD med Dialektprøver frå Målselv og Bardu.

I 1994 gav laget ut «Kuppulsten», dikt av Arne Lyngås.[27]

I 1997 markerte Målselv mållag 50 år.[15] Og i 2017 markerte Målselv Mållag 70-årsjubileet sitt.[28][29]

Remove ads

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads