Johan Nymo
lærar og folkemusikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Johan Nymo (4. august 1908–27. august 1997 på Andselv) var ein norsk lærar og folkemusikar.
Bakgrunn
Johan Nymo var elev på Trondarnes folkehøgskole 1928-29.[1] Han gjekk ut frå Tromsø lærarskole i 1934, på den første 4-årige utdanninga der. Så bar det rett til Straumen i Sørreisa der han var lærar eitt år. I 1935 bar det til Arnøyhamn som lærar, men så vendte han tilbake til Sørreisa året etter. Og her var han lærar i 9 år. I 1946 kom han så til Målselv, og her var han lærar i 29 år fram til han gjekk av i 1975.[2]
Remove ads
Kulturarbeid
Johan Nymo var med å etablere og han dirigerte Sørreisa mannskor frå 1939.[3]
Johan Nymo var den som kalla inn til skipingsmøtet i Målselv Mållag 18. desember 1947, og han var også den første formannen i laget. Han sat som leiar i 30 år, heilt til 1977.[4]
Johan Nymo gjorde eit stort arbeid med å samle inn folkemusikk i Målselv slik at mange av slåttane og songane ikkje døydde ut. På 1950-60-talet sykla han milevis rundt med ein bandspelar på bagasjeberaren for å feste slåttar til band og intervjue gamle spelmenn. Mykje av dette er samla i Spelmenn og spelmannsarv i Målselv.
I 1949 gjekk Johan Nymo i spissen då Målselv Mållag arrangerte det første spelmannsstemnet i Målselv,[5] og utifrå dette voks Målselv Spelmannslag fram. I 1970 arrangerte Målselv Mållag og Målselv Spelmannslag det første spelmannsstemnet for Nordkalotten med Johan Nymo som initiativtakar og gjennomførar. Her deltok det blant anna fire svenske spelmenn.[6][7] Seinare fekk dette nordiske spelmannstreffet namnet Kalottspel.[8]
Johan Nymo var sentral i prosessen som på 1940-talet gjorde «Målselvbindingen» (med stramming frampå tåa, slik som den kjente Kandahar-bindinga) kjent i det nasjonale skigåing-miljøet.[9]
Johan Nymo blei tildelt Blixprisen 1986.[10] I 1984 fekk han Kongens fortenestemedalje i sølv.[11]
Johan Nymo var far til folkemusikaren Svein Nymo.
Remove ads
Utgjevingar
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads