Uranusmånen Miranda

From Wikipedia, the free encyclopedia

Uranusmånen Miranda
Remove ads

Miranda er ein av månane til Uranus. Månen har dramatiske ytetrekk av uvisst opphav. Han vart oppdaga på teleskopbilete 16. februar 1948 av Gerard P. Kuiper frå McDonald-observatoriet i vestre Texas. Han var den siste månen som vart oppdaga før Voyager 2 vitja uranussystemet.

Kjappe fakta Oppdaging, Oppdaga av ...

Ein type ytetrekk som Miranda har vert kalla korona, og det finst tre av desse. Ein kjenner ikkje til at andre objekt i solsystemnet har denne typen ytetrekk. Koronaene har få krater og inneheld samlingar med dalar og rekkjer med høgre terreng. Dei har skarpe grenser til områda som har mykje krater, og som ein reknar med er eldre.

Forskarar har ulike meiningar om korleis koronaene oppstod.

Thumb
Eit detaljfoto av Miranda teke av Voyager 2 som syner den ujamne yta på månen. Det ujamne terrenget kan koma frå tektoniske platerørsler. På biletet er klippa Verona Rupes.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads