Planeten Uranus

sjuande planeten frå sola From Wikipedia, the free encyclopedia

Planeten Uranus
Remove ads

Uranus (symbol: ⛢) er den sjuande planeten frå sola i solsystemet. Uranus roterer baklengs i høve til dei andre planetane i Solsystemet. Han blei oppdaga i 1781. Namnet er teke frå den greske guden Uranus.

Kjappe fakta Oppdaging, Oppdaga av ...

Voyager 2 er den einaste romsonden som har vitja planeten, og inkje nye besøk er planlagt. Voyager 2 blei skoten opp i 1977 og hadde sin nærmaste passering av Uranus 24. januar 1986, før han fortsette vidare mot Neptun.

Remove ads

Fysiske eigenskapar

Samansetting

Uranus består hovudsakleg av stein og ulike isslag. Til tross for at han er ein gasskjempe inneheld han berre 15% hydrogen og litt helium (i kontrast til Jupiter og Saturn som for det meste består av hydrogen). Uranus og Neptun liknar på mange måtar kjernane til Jupiter og Saturn, men dei manglar den massive kappa av metallisk hydrogen. Det ser ut til at Uranus manglar ein fast kjerne som Jupiter og Saturn har, men at materialet er meir eller mindre jamnt fordelt. Den turkise fargen til Uranus skyldast absorpsjon av raudt lys av atmosfærisk metan. Overflatetemperaturen i skytaket er omtrent 55 K (−218 °C).

Aksehelling

Noko av det mest spesielle med Uranus er aksehellinga på 98°. Dette tyder at i ein del av omløpet rundt sola vender den eine polen inn mot sola mens den andre vender bort. I motsett del av banen er situasjonen motsett. Dermed har ikkje Uranus nokon eigentleg nord- og sørpol. Da Voyager 2 passerte i 1986 peikte ein av polane nesten rett mot sola. Eit resultat av den merkelege rotasjonen til Uranus er at polområda mottar meir solenergi enn dei ekvatoriale områda. Likevel er det varmare ved ekvator enn ved polane. Årsaka til dette er ukjent.

Det ser ut til at den ekstreme aksehellinga til Uranus også resulterer i ekstreme årstidsvariasjonar i vêret. Da Voyager 2 passerte Uranus var skymønstra svært svake og utydelege. Nyare bilde frå Hubbleteleskopet viser likevel atskilleg tydelegare skymønster. I 2007 vil sola vera direkte over ekvator. Uranus er ikkje blå, men den vert framstilt som blå.

Magnetfelt

Magnetfeltet til Uranus er merkeleg fordi det ikkje er sentrert rundt planetaksen, men står nesten 60° på skrå i forhold til rotasjonsaksen. Dette skyldast truleg rørsler i dei øvre laga til Uranus. Neptun har eit tilsvarande skeivt magnetfelt, så det skyldast neppe den spesielle rotasjonen til Uranus. Magnetosfæren er vridd av planetrotasjonen til ein spiral bak planeten. Kjelda til magnetfeltet til planeten er ikkje kjent. Det blei tidlegare trudd at eit hav av elektrisk leiande vatn og ammoniakk under stort trykk var mellom kjernen og atmosfæren. Dette havet ser ikkje ut til å eksistere.

Remove ads

Oppdaging og namn

Uranus var den fyrste planeten ein oppdaga som ikkje allereie var kjend frå oldtida. Ein hadde mange gonger observert han, men han blei alltid feilidentifisert som ei stjerne. Den fyrste dokumenterte oppdaginga av Uranus var i 1690 av John Flamsteed som katalogiserte han som 34 Tauri. Flamsteed observerte han to gonger til, i 1712 og 1715. James Bradley observerte han i 1748, 1750 og 1753; Tobias Mayer i 1756. Pierre Charles Le Monnier observerte han heile fire gonger i 1750, to gonger i 1768, seks gonger i 1769 og ein siste gong i 1771. Likevel oppdaga heller ikkje han at det var snakk om ein planet.

Sir William Herschel var den fyrste som oppdaga at han ikkje var ei stjerne. Han oppdaga Uranus den 13. mars 1781, men rapporterte han inn som ein komet. Herschel kalla han fyrst Georgium Sidus etter kong Georg III av Storbritannia. Da han blei informert om at Sidus tyder stjerne, omdøypte han planeten til The Georgian Planet. Uansett var dette namnet uakseptabelt utanfor Storbritannia. Det blei derfor foreslått ein lang rekke alternativ for kva planeten kunne kallast, men forslaget til Johann Elert Bode, Uranus, vann raskt oppslutting fordi han gav ut astronomiske årbøker der han brukte namnet Uranus.

Remove ads

Månane til Uranus

For meir om dette emnet, sjå Uranusmånane.

Uranus har så langt 27 kjende månar. Namna til månane kjem frå figurar i verka til Shakespeare og Alexander Pope. Dei fem største satellittane er Miranda, Ariel, Umbriel, Titania og Oberon.

Ringane til Uranus

NamnAvstanden til senteret til Uranus (km)Utstrekking (km)
1986 U2R38 0002 500?
Ring 641 8401-3
Ring 542 2302-3
Ring 442 5802-3
Alfaringen44 7207-12
Betaringen45 6707-12
Etaringen47 1900-2
Gammaringen47 6301-4
Deltaringen48 2903-9
1986 U1R50 0201-2
Epsilonringen51 140 (gjeta av
Cordelia og Ophelia)
20-100
R/2003 U 2~66 000 (nær Portia) ?
R/2003 U 197 734 (nær Mab) ?
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Meir informasjon Solsystemet ...


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads