Melanopareiidae
familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Melanopareiidae, månesmettar, er ein biologisk familie av sporvefuglar i Sør-Amerika. Dei fire artane utgjer same slekta, Melanopareia.
Månesmettar varierer i lengd frå 14 til 16 centimeter, veg 16-23 gram og har relativt lange stjertar i samanlikning med tapakuloar. Fjørdrakta er slåande med eit særeige band over brystet som gjev gruppa namnet.[1]
To artar, cerradomånesmett og olivenmånesmett, er vidt distribuerte over sentrale og sørlege Brasil, Bolivia, Paraguay og det nordlege Argentina, medan dei to andre artane, praktmånesmett og maranonmånesmett, har ei meir avgrensa utbreiing i Peru og Ecuador.[1]
Foto: Hector Bottai
Remove ads
Skildring
Lite er kjent om åtferda til månesmettar. Dette er fuglar med biotop i tørt kratt. Generelt tar dei fôr på bakken, men dietten deira er enno ikkje undersøkt. Einaste arten der ein veit noko om hekkebiologien er olivenmånesmett. Denne arten hekkar sesongbasert. Reiret er 15 cm høgt, koppforma, laga av plantefibrar og palmeblad, og ligg skjult i gras eller i låge buskar nær bakken. Storleiken på kullet er to til tre, egga er kvite med flekker eller svarte prikkar.[1]
Ingen artar av månesmettar blir vurdert som trua av menneskeleg aktivitet av IUCN, men maranonmånesmett er oppført som nær trua. Sjølv om artane er tilsynelatande tolerante mot noko uro, har dei ein snever global distribusjon og er dei er uvanlege sjølv innanfor dette området.[1]
Remove ads
Systematikk
Slekta Melanopareia har lengje vore plassert saman med tapakuloar i familien Rhinocryptidae. Plasseringa deira har vore omstridd og i 2007 vart slekta splitta ut i sin eigen familie, Melanopareiidae, av den søramerikanske klassifiseringskomiteen.[2] Seinare vart familien akseptert av International Ornithological Congress, endringa er òg reflektert i Clementslista versjon 6.4 av desember 2009.[3][4] Familien Melanopareiidae vart formelt godtatt i 2009 .[5].
Remove ads
Artslista
Månesmettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[7]
Slekt Melanopareia
- Cerradomånesmett, Melanopareia torquata, Collared Crescentchest, LC, Wied, 1831
- Olivenmånesmett, Melanopareia maximiliani, Olive-crowned Crescentchest, LC, D'Orbigny, 1835
- Maranonmånesmett, Melanopareia maranonica, Marañon Crescentchest, NT, Chapman, 1924
- Praktmånesmett, Melanopareia elegans, Elegant Crescentchest, LC, Lesson, 1844
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads