Tapakuloar
familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tapakuloar er ei gruppe av sporvefuglar i Sør-Amerika med flest artar i Andes. I tillegg finst det tre artar i det sørlege Sentral-Amerika. Taksonomien for gruppa er omstridt, tradisjonelt har tapakuloar vore samla i ein distinkt familie Rhinocryptidae, men nyare studiar har synt at dei alternativt kan reknast som ei gruppe av familien maurrikser, Formicariidae.
Remove ads
Skildring
Tapakuloar er små til mellomstore fuglar. Storleiken varierer frå 10 til 24 cm. Artane er terrestriske, har korte venger og fuglane har derfor dårlege flygeevner. Dei har kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist. Medan fleirtalet av artar i familien er små svarte eller brunlege fuglar, finst det òg større og meir fargerike artar. Dei vert enklast oppdaga og identifisert med hjelp av kjenneteikn i songen. Føda er insekt samt frø og anna mjukt plantemateriale. Dei skrapar i bakken som ein fasan med det korte, rette nebbet. Dei fleste artane legg to eller tre kvite egg på ein overdekt plass, enten i ei hòle, eit holt tre eller i eit overbygd reir.
Remove ads
Trugsmål og vern
Nokre artar har svært avgrensa lokalitetar, og når dei er dårlege flygarar blir dei lett isolert i små bestandar. Per 2007 vurderte BirdLife International ein art som sårbar (tacarcunatapakulo, Scytalopus panamensis), tre artar som truga (sumptapakulo, S. iraiensis, magdalenatapakulo, S. rodriguezi og ecuadortapakulo, S. robbinsi), og to artar kritisk truga (hermestapakulo, Eleoscytalopus psychopompus og bahiabørstepanne, Merulaxis stresemanni). Dei to kritisk truga artane har distribusjon i atlantisk regnskog i austlege Brasil, og blei nyleg gjenfunne etter fleire år utan rapporteringar.

Foto: Dario Sanches
Foto: Rick Elis Simpson

Foto: Joel Rosenthal
Remove ads
Artslista
Tapakuloar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Slekt Pteroptochos
- Brunbrystturka, Pteroptochos castaneus, Chestnut-throated Huet-huet, LC, Philippi & Landbeck, 1864
- Svartbrystturka, Pteroptochos tarnii, Black-throated Huet-huet, LC, King, 1831
- Skjeggturka, Pteroptochos megapodius, Moustached Turca, LC, Kittlitz, 1830
Slekt Scelorchilus
- Kvitstrupetapakulo, Scelorchilus albicollis, White-throated Tapaculo, LC, Kittlitz, 1830
- Raudstrupetapakulo, Scelorchilus rubecula, Chucao Tapaculo, LC, Kittlitz, 1830
Slekt Liosceles
- Rustbandtapakulo, Liosceles thoracicus, Rusty-belted Tapaculo, LC, Sclater, 1865
Slekt Acropternis
- Perletapakulo, Acropternis orthonyx, Ocellated Tapaculo, LC, Lafresnaye, 1843
Slekt Rhinocrypta
- Topptapakulo, Rhinocrypta lanceolata, Crested Gallito, LC, Geoffroy Saint-Hilaire, 1832
Slekt Teledromas
- Løpetapakulo, Teledromas fuscus, Sandy Gallito, LC, Sclater & Salvin, 1873
Slekt Psilorhamphus
- Stjernesmett, Psilorhamphus guttatus, Spotted Bamboowren, NT, Ménétries, 1835
Slekt Merulaxis
- Svartbørstepanne, Merulaxis ater, Slaty Bristlefront, NT, Lesson, 1831
- Bahiabørstepanne, Merulaxis stresemanni, Stresemann's Bristlefront, CR, Sick, 1960
Slekt Eugralla
- Brunflanketapakulo, Eugralla paradoxa, Ochre-flanked Tapaculo, LC, Kittlitz, 1830
Slekt Myornis
- Osketapakulo, Myornis senilis, Ash-colored Tapaculo, LC, Lafresnaye, 1840
Slekt Eleoscytalopus
- Kvitbrysttapakulo, Eleoscytalopus indigoticus, White-breasted Tapaculo, NT, Wied, 1831
- Hermestapakulo, Eleoscytalopus psychopompus, Bahia Tapaculo, CR, Teixeira & Carnevalli, 1989
Slekt Scytalopus
- 40 eller fleire artar av tettvaksne, bakkelevande tapakuloar med stutte halar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads