MESSENGER
From Wikipedia, the free encyclopedia
MESSENGER (akronym for MErcury Surface, Space ENvironment, GEochemistry, and Ranging) var ein NASA-sonde skoten opp 3. august 2004. Han gjekk i bane kring Merkur mellom 17. mars 2011 og 30. april 2015, då han var tom for drivstoff og styrta inn i Merkur på eit venta tidspunkt.[1] Romsonden karaktiserte den mineralske samansetninga til merkuroverflata, den geologiske historia til planeten, naturen til magnetfeltet, storleiken på og forholda i planetkjernen, leita etter flyktige stoff ved polområda og studerte naturen til eksosfæren og magnetosfæren over ein periode på meir enn fire år.[2] Ferda var den første til Merkur på over 30 år - den førre ferda til Merkur var Mariner 10, som avslutta oppdraget ved Merkur i 1975.[3]



Namnet til sonden kjem av at guden Merkur, som var opphavet til Merkur sitt namn, var dei romerske gudane sin bodbringar.[4]
Fyrste nærpassering
Den 14. januar 2008 fann Mercury Flyby 1 stad med ein minsteavstand på 200 km. Under passeringa vart område som hittil var ukjente fotografert. I tillegg vart det òg tatt UV- og IR-skanningar og lasermålingar.
Viktige datoar
- 3. august 2004: oppskyting frå Jorda
- 2. august 2005: passering av Jorda
- 24. oktober 2006: passering av Venus
- 5. juni 2007: andre passering av Venus
- 14. januar 2008: fyrste nærpassering av Merkur
- 6. oktober 2008: andre nærpassering av Merkur
- 29. september 2009: tredje nærpassering av Merkur
- 18. mars 2011: baneinnsetjing
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.