MF «Hardangerfjord»

bilferge bygd i 1953 From Wikipedia, the free encyclopedia

MF «Hardangerfjord»
Remove ads

MF «Hardangerfjord», og frå 1959 seinare MF «Vøringen», var ei bilferje bygd i 1953 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Ho gjekk i rute for HSD fram til 1983. Ferja kunne ta 30 bilar og 300 passsjerar. I dag ligg ferja i Kvinnherad og har namnet «Gamle Hardangerfjord».

Meir informasjon Karriere, Noreg ...
Remove ads

Historie

Ferja vart sett inn i ruta Kvanndal-Utne-Kinsarvik, der ho gjekk fram til 1961, og igjen i 1973. I slutten av 1960-åra gjekk ho i ruta Hatvik-Fusa, og frå 1971 til 1973 i ruta Gjermundshamn-Varaldsøy-Løfallstrand. Dei siste åra for HSD var ho reserveferje.

Ferja vart selt i 1983 og fekk nytt namn, «Bergshorn», og hadde fleire eigarar dei neste åra. I 1991 vart ho omdøypt «Bergsjø», og i 1994 vart ho seld til Danmark, der ho låg i opplag. Fram til juli 2009 låg ferja i København, der det vart nytta som kontorlokale.

I 2009 vart ferja kjøpt av nokre nordmenn og frakta for eigen maskin til Sunnhordland i juli. Sidan oktober 2009 har ferja lagt i Dimmelsvik i Kvinnherad, men maskinen er per februar 2014 ut av drift.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads