MF «Fusa» (1949)

From Wikipedia, the free encyclopedia

MF «Fusa» (1949)
Remove ads

M/F «Fusa», seinare MF «Hatvik», var ei bilferje levert for Det Midthordlandske Dampskibsselskab i juli 1949.

Meir informasjon Karriere, Noreg ...

Ferja vart bygt ved Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal. Ferja gjekk inn i ruta Hatvik-Venjaneset fram til 1956, og frå 1956 til 1962 gjekk ho i sambandet Mundheim-Løfallstrand. I januar 1962 vart ferja seld til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap og gjekk attende til ruta Hatvik-Venjaneset. I 1969 vart ho omdøypt MF «Hatvik». Ferja gjekk i rute til 1974. Ho gjekk òg stundom i ruta Skånevik-Utåker-Matre. Somrane 1972 og 1973 vart ferja nytta i ruta Jondal-Tørvikbygd.

I mai 1974 vart ho seld til Rolf Jostein Trovåg og fekk namnet «Nårasund». Ho gjekk då i rute Daløy-Nåra fram til 1979, då ho fekk namnet «Nåra».

Kva som skjedde vidare med ferja er usikkert. Ho skal ha søkkt i 1980-åra, men er i mai 2011 framleis registrert i norsk skipsregister.

Remove ads

Ferjesamband

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads