MF «Storegut»
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
MF «Storegut» er ei norsk jarnbaneferje som trafikkerte Tinnsjå i Telemark frå 1956 til 1991.
- Sjå òg Storegut (fleirtyding)

Foto: SRS scandiline
Ferja vart bygt i stål av Glommen Mekaniske verkstad på ferjeslippen på Tinnoset i 1956.[1] Ho var ein del av transportkjeda Rjukanbanen-Tinnsjøen-Tinnosbanen-Telemarkskanalen til trafikken på banen vart nedlagt i 1991.
Da skipet vart sjøsett i 1956, var det den største innsjøferja i Nord-Europa.[2] Ho tok over trafikken for DF «Ammonia», som gjekk over til å bli reserveferje.
MF «Storegut» vart freda av Riksantikvaren i 2009.[1] Frå i 2015 vart ho innskrive på UNESCO si verdsarvliste som ein del av Rjukan-Notodden industriarv.[3]
Remove ads
Tekniske data
- Byggjeår: 1956
- Lengde: 82.11 m
- Tonnasje: 1 119 bruttotonn
- Maskinar: 3 stk 6 sylindra MWM dieselmotorar
- Kapasitet: 19-21 jarnbanevognar, 400 passasjerar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads