MPLA

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Movimento Popular de Libertação de Angola – Partido do Trabalho, kjent som MPLA, er eit politisk parti i Angola. Det blei grunnlagt i 1956 som ei samanslutting mellom Det angolanske kommunistpartiet og Partiet for den sameinte kampen til afrikanarar i Angola (Partido da Luta Unida dos Africanos de Angola), forkorta PLUA. Partiet har ein sosialistisk, marxistisk og kommunistisk ideologi. Det er medlem av Den sosialistiske internasjonale.

Kjappe fakta Land, Partileiar(ar) ...

Ved presidentvalet i 1992 vann kandidaten til partiet, José Eduardo dos Santos, valet med eit stemmetal på 1 953 335 (49,57 %). Ved parlamentsvalet i 1992 fekk partiet 2 124 126 stemmer (53,74 %, 129 mandat). Åtte opposisjonsparti la fram skuldingar om valfusk.[1] Det neste parlamentsvalet fann ikkje stad før i 2008 på grunn av borgarkrigen. Då fekk MPLA 81,64 % av stemmene og 191 av 220 sete i parlamentet.[2] Ved parlamentsvalet i 2012 fekk partiet 71,84 % av stemmene og 175 av 220 parliamentssete.[3]

I september 2018 blei João Lourenço leiar av partiet etter at José Eduardo dos Santos valde å gå av med pensjon. Ved valet i 2022 fekk MPLA rundt 51 % av stemmene og 124 parliamentssete. Det største opposisjonspartiet, UNITA, fekk 44 % av stemmene og 90 sete. Resultatet var det verste til MPLA på 30 år. Nesten alle opposisjonspartia meinte likevel at resultatet involverte fusk.[4]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads