MS «Sewol»
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
MS «Sewol» var ei sørkoreansk ferje som kantra og gjekk ned 17. april 2014. Forliset førte til at over 300 av dei 476 som var ombord omkom, og er eit av dei største i sørkoreansk historie.[1]
Remove ads
Bakgrunn
Ferja blei bygd av det japanske verftet Hayashikane Shipbuilding & Engineering Co. Ltd. i 1994[2] og verka opphavleg som «Ferry Naminoue» (フェリーなみのうえ).[3] Frå 1994 til 2012 bli ho brukt i Japan utan å ha nokon ulukker..[2] I 2012 blei ferja kjøpt av det koreanske selskapet Chonghaejin Marine[4] ombygd og omdøypt til «Sewol».[5] Ferja blei sett i rute mellom Incheon og Jeju-provinsen tre gonger i veka.[6]
Remove ads
Forlis
16. april 2014 kantra «Sewol» og sokk 1,5 kilometer frå Donggeochado under ein overfart frå Incheon til Jeju.[7] 295 av dei som var ombord blei funne omkomne, medan 9 er blitt verande sakna.[8]
Etter forliset viste det seg at det var ei rekkje feil og manglar ved skipet. Registreringa i det sørkoreanske skipsregisteret bygde på forfalska dokument.[9] Skipet hadde ei last på 1157 tonn (i tillegg til 124 bilar og 56 lastebilar)[10] Dette var dobbelt så mykje last som var lov.[11]
Også rutinane ved skipet feila under forliset. Medan passasjerane blei gjevne redningvestar, fekk dei ordrar om å halda seg i lugarane sine medan skipet var i ferd med å synka. Størsteparten av mannskapet forlét skipet før det gjekk ned. Kapteinen for skipet blei seinare dømd til 36 år i fengsel for grov tenesteforsømming og førstemaskinisten til 30 i fengsel for drap. Også andre i mannskapet og skipseigarane blei fengsla.[12]
Mange ferjepassasjerar var elevar ved ein vidaregåande skule utanfor Seoul.[13] Tidlege meldingar frå lokale utdanningsstyresmakter sa at alle elevane var blitt redda, noko som var langt frå sanninga. Etter forliset blei både styresmakter og ferjeselskapet skulda for den dårlege drifta av skipet som først gjorde ulukka mogleg og sidan gjorde henne så døydeleg gjennom dei dårlege rutinane. Den sørkoreanske statsministeren Jung Hong-won sa at han tok på seg ansvaret og ville gå av den 27. april.[14] Leiaren for det koreanske skipsregisteret, Chon Young-Kee, trekte seg den 28. april,[15]
Viserektoren ved skulen Kang Min Kyu, som hadde organisert turen og blei redda av ferja, tok på seg skulda og hengde seg to dagar etter ulukka.[16] Ein ettersøkt eigar og leiar for ferjeselskapet, Yoo Byung-eun, blei ettersøkt av politiet for hendinga og flykta. Han blei seinare funnen død, truleg for eiga hand.[17]
Blant sørkoreanarar blei det vanleg å uttrykka sorg, håp og støtte gjennom ei gul sløyfe brukt på profilbilde på internett, klede eller på offentlege stader.[18]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads