Machapucharé

From Wikipedia, the free encyclopedia

Machapucharé
Remove ads

Machapucharé (òg Machhapucharé, Machhapuchhre, Nepali माछापुछ् Māchāpuchre) er eit 6 997 m høgt fjell i massivet Annapurna Himal i den nepalesiske delen av Himalaya om lag 25 km nord for Pokhara.

Kjappe fakta

Namnet tyder «fiskehalen», altså «sporden», og sett frå vest der ein kan sjå dei to toppane på fjellet, er bakgrunnen for namnet openbert.

Hinduane meiner at ei rekke gudar held til på Machapucharé, og innan tibetansk buddhisme blir fjellet rekna som heimen til det grenselause lysets Buddha, Amitabha. Fjellet blir derfor rekna som heilagt.[1]

I 1957 kom dei engelske klatrarane David Cox og Wilfrid Noyce fram til om lag 50 meter frå toppen, men avslutninga viste seg å vere svært vanskeleg så dei måtte snu på grunn av klatretekniske problem. I 1964 nedla den nepalske kongen klatreforbod, men fjellet skal ha blitt klatra av Bill Denz tidleg i 1980-åra. Bill Denz døydde på Makalu i 1983, så påstanden er nå ikkje lett å be/avkrefte.

Remove ads

Litteratur

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads