Annapurna Himal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Annapurna Himal er eit 55 kilometer langt fjellmassiv i den nepalske delen av Himalaya som strekkjer seg opp til 8 091 m (Annapurna I, verdas tiande høgaste fjell).
- Denne artikkelen omhandlar fjellkjeda. For den høgste toppen i massivet, sjå artikkelen Annapurna I.

Administrativt ligg kjeda på austgrensa til Myagdi distrikt mot Kaski distrikt, i Dhaualagiri-sonen i Vestregionen av Nepal. Fjellet går høgt opp inne i Kaski, men toppen på Annapurna I skal vere innanfor Myagdi.
Det blir arrangert ein populær fjelltur rundt massivet, Annapurna Circuit.
Remove ads
Etymologi
Annapurna er namnet på ei hindugudinne som òg blir kalla Parvati («fjelldottera») – i ulike mytologiar identisk med gudinnene Durga («den utilgjengelege») og Kali («den svarte»). Namnet på fjellet er sanskrit og sett saman av anna («næring») og purna («full av»), det vil seie «Gudinna som nærer» eller «Overflodsgudinna».[1]
Einskilde toppar på massivet har franske namn dei fekk etter førsteklatringa av A I i 1950, til dømes Roc Noir, Grande Barrière og andre.
Remove ads
Klatrehistorikk
Annapurna I er rekna som eitt av dei vanskelegaste fjella over 8000 meter å klatre opp på, mykje på grunn av stor skredfare. Per 2005 hadde berre 130 menneskje stått på toppen, og 56 har døydd medan dei prøvde å klatre opp på fjellet.
Trass dei store utfordringane forbunden med klatring i Annapurna-massivet, var Annapurna I det første fjell over 8000 meter som fekk ein vellykka bestigning. Den 3. juni 1950 stod Maurice Herzog og Louis Lachenal frå ein fransk ekspedisjon som dei første menneskjer på toppen av eit av verdas fjell på over 8000 meter.
Annapurna II, den austlegaste toppen i massivet, blei først klatra i 1960. I høve til høgde over havet (7 937 moh.), avstand til nærmaste høgare topp (30,5 kilometer til Annapurna I), og primærfaktor (2 437 meter) er også Annapurna II eit av dei mest overveldande fjella i Himalaya, og det 16. høgaste fjellet i verda.
Machapuchare (6 993 moh.) er ein annan topp i Annapurna-massivet som peiker seg ut. Dette er eit av dei heilage fjella i Nepal, og derfor stengt for klatrarar.
Remove ads
Topp og mellomtoppar


Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads