Mad minute
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mad Minute er best kjend som ei hurtigskyteøving avleia frå ein treningsdrill frå før fyrste verdskrig i det britiske militæret med Lee-Enfield-rifla. Øvinga heitte «Practice number 22, Rapid Fire, ‘The Musketry Regulations, Part I, 1909» og kravde at det vart skote minst 15 skot på «Second Class»-figuren på 300 yard (270 m). Øvinga vart skildra slik: «Liggjande. Rifla lada med 4 skot i magasinet før ein ser skivene. Lading frå lomma eller bandolær med 5 skot etterpå. Eitt minutt tillate.» Øvinga var berre ein av fleire årlege testar for å klassifisera ein soldat som skarpskyttar, første- eller andreklasse skyttar avhengig av poenga han oppnådde.


Second Class-skiva var ein 1,2 m x 1,2 firkant (48 x 48 tommar) med 61 cm indre (24 tommar) og 92 cm ytre sirkel (36 tommar). Siktemerket var ein 30 x 30 cm figur (12 x 12 tommar) som representerte ein soldat som sikta med ei rifle frå ei skyttargrav. Poeng vart talde for treff kvar som helst på skiva. Sjølv om ei 12 toms skive har blitt nemnt i samband med Mad Minute-øvinga ser dette ut til å vere ein feil som stammar frå Ian Hogg si bok The Encyclopedia of Weaponry. Ingen andre kjelder nemner ei skive på 12 tommar. Ifølgje myta om ei 12 toms skive ville skivestørrelsen svart til ein 1,11 mil sirkel (3,82 bogeminutt), medan i røynda svarte skiva til ein 4,5 mil firkant (15,3 bogeminutt), som gjer arealet som tel treff over 15 gongar større.
Under slaget om Mons skal mange tyskarar ha rapportert det dei trudde var maskingeværeld, medan det eigentleg var vanlege britiske soldatar med boltrifler som skaut med høg skottakt.[1]
Remove ads
Verdsrekord

Den første kjente Mad Minute-rekorden blei sett av majorsersjant Jesse Wallingford i 1908, med 36 treff på ei 48 toms skive på 300 yard (4,5 mil/ 15,3 bogeminutt).[2] Det skal ha vorte sagt at ein ny rekord 38 treff vart sett med alle treff innanfor 24 toms-sirkelen på 300 yard (2,25 mils/ 7,6 bogeminutt) i 1914 av sersjant Alfred Snoxall,[3] men det er lite dokumentasjon og usikkert om det faktisk skjedde eller var britisk propaganda. Det har vore store diskusjonar om det faktisk er mogleg å skyta så raskt og presist med ei boltrifle.

Ei Mad Minute-tevling vart arrangert i Soknedal i Noreg den 30. mai 2015, der fleire av dei beste stangskyttarane i landet deltok.[4] Konkurransen vart kalla «Mad Minute Challenge»,[5] og vart skoten på ei skive med diameter på 40 cm frå 200 meter (2 mil/ 6,9 bogeminutt), som gjer skiva mindre enn soga om Alfred Snoxall. Thomas Høgåsseter vart vinnar med 36 treff, medan gjennomsnittet av 11 deltakarar var 29 treff.
Remove ads
Målstørrelsar
Tabellane under er baserte på sonene i den opphavlege Second Class-figuren (12, 24, 36 og 48 tommar) plassert på 300 yard, og viser den same relative skivestorleiken for forskjellige avstandar. Militærkalibra frå den tida (som .303 British, 6.5×55mm, 8x57mm osv.) er kraftigere og med mindre vindavdrift enn moderne militærkaliber i dag (som 5.56 NATO, 7.62x39mm, osv.). Vindavdrift ville derfor knapt vore merkbart på 100 m, lite merkbart på 200 m og framleis ein svært liten faktor på 300 m.
- Tilsvarande tommestorleikar
- Tilsvarande metriske mål
Remove ads
Annan bruk
Tidleg bruk
Uttrykket vart opphavleg brukt for å skildre tida det tok å lada ein muskett i kampar på 1700- og 1800-talet. Soldatar stod skulder mot skulder framføre fiendtlege formasjonar på avstandar frå 50 til fleire hundre meter med relativt upresise og sakteladande muskettar. Etter å ha avfyrt eit skot ville kvar soldat lade eit nytt skot så raskt som mogleg medan fienden gjorde det same. Grunna musketten sin dårlege presisjon var uttrykket spesielt relevant på korte avstandar.
Vietnamkrigen
I Vietnamkrigen vart uttrykket brukt om ein drill med intens automateld for å drive ut inntrengarar eller drive tilbake eit overfall.[6]
Militær bruk i dag
Uttrykket blir framleis brukt i militær terminologi i dag for å skildre ein kort periode med intens automateld.[7]
Sjå også
- Stangskyting
- Felthurtigskyting
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads