Madison Square Garden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Madison Square Garden er ein kjend sports- og konsertarena i New York City i USA. Han låg opphavleg ved Madison Square, men er no plassert over den underjordiske jernbanestasjonen Pennsylvania Station. Blant innbyggjarane i New York vert areanen ofte berre kalla «the garden».
Han vert nytta til ishockey, basketball, tennis, boksing, wrestling og mange fleire sportshendingar. Arenaen er òg kjend over store delar av verda som konsertlokale. Publikumskapasiteten varierer frå type arrangement, men er på om lag 20 000.
Madison Square Garden er også namnet på selskapet som eig lokalet, og på fleire av kontraktørselskapa som held arrangement der.
Den første Madison Square Garden vart opna i 1879. Ein ny idrettshall som i all hovudsak skulle nyttast til boksekamper vart opna på same staden i 1890, og vart flytta i 1925. Dagens bygning, som er den fjerde i rekkja, opna 11. februar 1968.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Madison Square Garden» frå Wikipedia på bokmål, den 3. august 2016.
Bakgrunnsstoff
- TheGarden.com offisielt nettstad
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads