Mads Berg
norsk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mads Hansen Berg (16. februar 1865–3. juli 1955) var ein norsk skulemann og songpedagog, fødd i Idd.[1]
Foreldra til Mads var skulelærar og kyrkjesongar Anders Hansen Berg og kona Inger Madsdotter. Dei budde på garden Berg i Enningdalen i Idd i Østfold.[2]
Mads Berg var overlærar i Aker frå 1925-35.[3] Han gav ut skulebøker, mest kjend er Skulesongbok eller Skolens sangbok, som kom i mange utgåver og opplag frå 1914 og resten av hundreåret; 25. utgåve 12. opplag kom i 1995. Mads Berg har òg komponert songar, mellom anna melodiane til Margrethe Munthe sin song «Jeg snører min sekk» og «Ein småfugl sat» av Elias Blix.
Han var med i sentralstyret til Riksmålsforbundet. Frå 1919 til 1928 redigerte han Riksmålsbladet.[4]
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads