Magmakammer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Magmakammer er ein isolert og avgrensa masse med bergartssmelte (magma) under jordoverflata med eit opphav frå ein vulkan.[1] Eit magmakammer i form av eit stort basseng av flytande stein under jordoverflata kan variera i storleik og liggja i både den øvre og den nedre delen av jordskorpa. Den smelta bergarten, eller magmaen, i eit slikt kammer er mindre tett enn den omkringliggjande landsbergarten, som produserer flytekrefter på magmaen som har ein tendens til å driva han oppover.[2] Om magmaen finn ein veg til overflata, vil resultatet vera eit vulkanutbrot; følgjeleg er mange vulkanar plasserte over magmakammer.[3] Desse kammera er vanskelege å oppdaga djupt inne i jorda, og derfor er dei fleste av dei kjende nær overflata, vanlegvis mellom 1 km og 10 km nede.[4]

Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads