Magnetohydrodynamikk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Magnetohydrodynamikk (MHD), magnetgassdynamikk eller hydromagnetisme læra om rørsle i plasma, det vil sei straumførande gassar og væsker, under påverknad av mekaniske, elektriske og magnetiske krefter. Læra er ein viktig del av plasmafysikken.

Feltet MHD vart starta av Hannes Alfvén,[1] noko han fekk Nobelprisen i fysikk for i 1970.

Det grunnleggjande konseptet i MHD er at magnetfelt kan indusere straumar i ei leiande væske i rørsle, som igjen skapar krefter i væska som så endrar sjølve magnetfeltet. Likningssettet som skildrar MHD er i kombinasjon med Navier-Stokes-likningane i væskedynamikk og Maxwell-likningane i elektromagnetisme. Desse differensiallikningane må løysast samstundes, anten analytisk eller numerisk.

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads