Magnus Andersen

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Magnus Kristoffer Andersen (20. mars 191611. desember 1994), fødd i Andøy kommune, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Magnus Andersen var statsråd i Fiskeridepartementet (fiskeriminister) i to periodar:

Magnus Andersen arbeidde som fiskar fram til 1955, då han blei formann i Norges Fiskarlag.[1] Han var formann i Fiskarlaget fram til 1963. I januar 1963 leia han som formann i Fiskarlaget ein landsomfattande streik.[2], og vart så sjølv fiskeriminister i september same år. Einar Gerhardsen sa om Andersen: «Han var en dyktig, men stri fiskarlagsformann. Han ble en dyktig og noe mindre stri fiskeriminister».[2]

Etter perioden som fiskeriminister 1963-1965 vart han vald inn på Stortinget for Nordland, og sat der i periodane 1965-1969 og 1969-1973. I den første perioden var han medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen og nestformann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. I den andre perioden var han nestformann i Fullmaktskomiteen i tillegg til å sitje i dei same komiteane som i den første perioden.[1]

Andersen sat også i ei lang rekkje utval, styre og nemnder gjennom ei lang politisk karriere. Han var blant anna styreformann for Postverket i perioden 1974 til 1982.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads