Magnus Bernhardsen

norsk målmann og venstreaktivist From Wikipedia, the free encyclopedia

Magnus Bernhardsen
Remove ads

Magnus Bernhardsen (fødd 12. mai 1976) er ein norsk målmann og venstreaktivist frå Oslo. Han var leiar i Norsk Målungdom i åra 1998-2000, og arbeidde som organisasjonssekretær i Noregs Mållag frå 2000.

Kjappe fakta
Remove ads

Barndom og oppvekst

Magnus Bernhardsen budde dei fyrste leveåra sine på Tau i Ryfylke. Familien flytte til Veitvet i Oslo, og der har han budd sidan. Han gjekk på ålmenfagleg linje på vidaregåande ved Oslo katedralskole i 1992-95. Dessutan har han studert bibliotekfag i eitt år ved Høgskolen i Oslo.

Målsak

Då han var leiar i Norsk Målungdom, profilerte Magnus Bernhardsen kampanjane «Ta flagget tilbake frå nazistane» (1998) og «Stogg urbanismen» (1999). Hausten 2000 tok han over etter Vidar Lund som organisasjonssekretær i Noregs Mållag sentralt.

Andre verv i og for målrørsla

Remove ads

Anna

Bernhardsen er svært aktiv Vålerenga-supportar, og har vore medlem av hovudstyret i Klanen (2006-2007).

I 1995 skreiv han heftet Biji Kurdistan (utgjeve av Raud Ungdom, ISBN 82-992848-6-4) saman med Lars Julin etter ei reportasjeferd i Kurdistan.

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads