Magnus Halvorsen
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Johan Magnus Halvorsen (10. juni 1853–14. februar 1922) var ein forretningsmann, stortingsrepresentant og statsråd frå Ålesund.
Halvorsen var son av ein kjøpmann i Ålesund, som døydde då Magnus var ni år gammal. Sjølv tok han eksamen ved ein høgare allmennskule i heimbyen, før han i fjortenårs-alderen vart tilsett i hos ein landhandlar på Sunnmøre. I 1874 vart han styrar Selje forbruksforeining (samvirkelag) i Nordfjord. Allereie året etter byrja han som reisande på strekninga Møre-Finnmark for fleire fabrikkar og firma i Bergen. I 1881 etablerte han seg som kjøpmann i Trondheim, med vekt på handel med sild og annan fisk. Han leia firmaet fram til 1909. Sidan var han styrar av Noregs Bank i Trondheim, og elles aktiv næringsaktør i Trondheim.
1895-1904 var Halvorsen medlem av formannskapet i Trondheim.
Han sat på Stortinget i fire periodar:
- 1898–1900 for Venstre som 2. representant frå Trondheim og Levanger, medlem av Lagtinget og næringskomite nr 1.
- 1904–06 for Samlingspartiet som 4. representant frå Trondheim og Levanger.
- 1907–09 for Venstre som 1. representant frå Baklandet krins i Trondheim. Åra 1904-09 var han medlem av næringskomite nr 1 og valkomiteen. I 1907 medlem av den forsterka janrbanekomiteen.
- 1910–12 for Frisinna Venstre som 1. representant fra Baklandet. Formann i næringskomite nr 1 i 1910, og i valkomiteen i 1912.
Halvorsen var finansminister 23. oktober 1907–18. mars 1908.
Han var ei tid formann i Frisinna Venstre.
Under storlockouten i 1911 verka Halvorsen, saman med Alfred Eriksen, som meklar. For denne innsatsen vart dei begge tildelt Borgardådsmedaljen i gull. Han var tidlegare tildelt 7. juni-medaljen.
Remove ads
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Magnus Halvorsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads