Magnus II av Noreg

norsk konge 1066–1069 From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Magnus II Haraldsson (104828. april 1069) var konge av Noreg frå 1066 til 1069. Det meste av tida var han samkonge med broren Olav Kyrre. Magnus Haraldsson blei først teken med i den norske kongerekkja i moderne tid, ettersom han hadde eit svært kort styre.

For sonen til Harald Gille, sjå Magnus Haraldsson (1135).
Kjappe fakta Regjeringstid, Fullt namn ...

Magnus Haraldsson var den eldste sonen til Harald Hardråde. Han blei innsett som konge då faren drog på englandstokt med den andre sonen sin, Olav Kyrre. Etter at Harald Hardråde fall ved Stamford bru kom Olav Kyrre tilbake til Noreg i 1067 og blei samkonge med Magnus. Dei verker som dei to delte kongsansvaret mellom seg på vennskapleg vis.

Magnus døydde berre 20 eller 21 år gammal, og broren fortsette ved makta. Sogene seier dødsårsaken var ringorm, men seinare syn er at han døydde av meldrøyeforgifting.

Håkon Toresfostre var sonen til Magnus. Han blei truleg fødd same året som faren døydde. Håkon blei seinare samkonge med syskenbarnet Magnus Berrføtt, men også han døydde ung.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads